Sist vi vann ein seriekamp på Ewood Park var det Chris Kiwomya og Paul Goddard som skåra måla. Det var den 31. august 1991, og Ipswich vann 2-1. Den sesongen enda med at Ipswich vann 2. divisjon og rykka opp medan Blackburn også rykka opp etter å ha vunne play-off. For Blackburn var dette innleiinga til ei fantastisk periode i klubben med fleire topp-plasseringar i Premier League og seier i 1995.
Av: Svein Garmo
Denne sesongen har vorte så vanskeleg som eg frykta den skulle bli, og kanskje vanskelegare enn det også. Laurdag skal vi opp til Blackburn for å møte heimelaget Blackburn Rovers på Ewood Park. Nyopprykka Blackburn Rovers var den fyrste motstandaren vår denne sesongen. Alt såg så veldig bra ut da Gwion Edwards ga oss leiinga etter berre fem minutt, men før fyrste omgang var over låg vi under 1-2. Eit overtidsmål av Tayo Edun sikra oss eit poeng på heimebane, men denne kampen viste vel mykje av korleis sesongen ville bli.
Mykje har skjedd i Ipswich sidan den gongen. Vi er godt etablert på botn av tabellen, Paul Lambert har erstatta Paul Hurst som manager, og mange av spelarane Hurst signerte har vist seg å ikkje vere gode nok for dette nivået. Sjølv om situasjonen ser alt anna enn ljos ut meiner eg Lambert har brakt litt meir engasjement både i og rundt klubben. I nokre kampar har det vore tendensar til bra spel og etter det eg har høyrt er ikkje stemninga så aller verst på tribunen, situasjonen teke i betraktning.
Så får vi heller gløyme den miserable andreomgangen mot Millwall og cup-exiten mot Accrington Stanley.
Lambert har vore svært aktiv i dette overgangsvindauget, som har vore det mest aktive januarvindauget eg kan hugse. For laget må dette neste vere som ein ny pre-season, med nesten eit heilt nytt lag som skal bli samspelte, og med mange spelarar som har lite eller nesten ingen speletid den seinare tida.
Mange av dei nye spelarane fekk vi sett førre laurdag i kampen mot Rotherham der vi fekk tre etterlengta poeng. Eg sjølv fekk sett berre fyrsteomgangen av den kampen, men ut i frå kamprapportane var andreomgangen slik som andreomgangane ofte har vore denne sesongen. Spelet i fyrsteomgang var bra, og James Collins i midtforsvaret ordna opp bak der og viste at han er ein spelar med erfaring frå høgt nivå. Callum Elder og Freddie Sears kombinerte fint på venstresida fleire gonger, medan Pennington spelte bra på høgre back. Vi fekk mål ved ein av dei andre nye spelarane, Will Keane. Det skjer eitt eller anna med oss når vi skårar, slik var det laurdag også. Etter at vi gjekk opp til 1-0 tok Rotherham over, vi virka nervøse og lite stemte i det offensive spelet. Som sagt fekk ikkje eg sett andreomgangen, men pusta letta ut når eg sjekka på chatgruppa og at kampen var slutt. Vi fekk 3 poeng, og det var veldig viktig! Vi hadde faktisk også 3 spelarar på rundens lag, Gerken, Collins og Keane!
Denne veka har vi fått inn nok ein ny spelar, Alan Judge frå Brentford som har 5 landskampar for Irland. Han har signert kontrakt ut sesongen, med opsjon på å forlenge denne med 12 månader. Judge var akademispelar hjå laurdagens motstandar, Blackburn. Som Blackburnspelar var han på lån i Plymouth Argyle og Notts County, der han også signerte fast kontrakt. Etter å ha spelt 89 kampar for Notts County meldte han overgang til Blackburn att, han vart utlånt til Brentford som han sidan signerte fast for i 2014. Han spelte 101 kampar for Brentford, mellom anna som defensiv midtbane saman med vår gamle kjenning Jonathan Douglas. Vi Ipswichfans hugsar kanskje Judge best frå da Luke Hyam takla han stygt frå snart 3 år sidan med beinbrot som resultat. Judge kan spele både på midtbane og i angrep, og det er god grunn til å tru at dette vil bli ein fin tilvekst til laget.
Kva for lagoppstilling kan vi få laurdag? Etter å ha kome på rundens lag er det nok klart at Gerken får fornya tillit i mål. Eg håpar og trur vi nå kan få etablert ein god forsvarsfirer med Pennington, Elder, Chambers og Collins. Pennington gjorde ein god innsats som back sist, og med dei andre alternativa vi har på denne plassen trur eg denne plassen blir hans. På midten fortset vi nok med Skuse og Chalobah sentralt. Eg trur Lankester på nytt får sjansen på høgresida av midtbanen og at Judge får debuten sin på venstresida. På topp får nok Quaner og Keane fornya tillit. Det betyr berre ei endring frå sist helg, Sears ut og Judge inn.
Kva så med motstandaren vår? Blackburn rykka opp frå League One førre sesong etter ein sesong i League One, og har etter mi meining gjort eit imponerande comeback i Championship. Vår gamle stopparkjempe Tony Mowbray tok over som manager i klubben i februar 2017, men kunne ikkje forhindre at laget rykka ned. Det vart med ein sesong på nivå 3 der dei rykka opp etter å ha kome på andreplass bak Wigan. Tony Mowbray har klart å stabilisere klubben og organisasjonen. Det blir sagt at han redda eit synkande skip og har fått engasjementet attende blant supportarane, sjølv om det nok framleis er ein del fans som ikkje har mykje til overs for eigarane, indiske Venkys.
Blackburn slepper inn ein del mål, og kampane i jula viste litt av at dei har litt problem med å halde kampane ut. Like før jul tapte dei 0-1 mot Norwich etter eit mål heilt i sluttminutta, 2. juledag tok dei leiinga 2-1 mot Leeds i det 90. minutt, men presterte likevel å tape kampen. Seinare i romjula tapte dei 0-3 mot Sheffield United der alle måla kom etter 70. minutt. Dette er likevel tap mot god motstand.
Eg har sett laget berre to gonger denne sesongen, sesongstarten mot Ipswich og cupkampen mot Newcastle United nå tysdag der dei gjorde ein god kamp mot god motstand. Eg fekk litt informasjon frå Blackburnkompis Torbjørn, som m.a. fortel at Blackburn har klart å bygge opp eit lag med mange spelarar frå eige akademi. Sist helg starta keeper Raya, høgreback Nyambe, stoppar Lenihan, midtbanespelar Travis og spiss Nuttall, alle frå eiga akademi. I tillegg har laget eit solid angrep med Dack og Graham som har skåra 18 mål til saman i serien denne sesongen. Vi må også sjå opp for dødball-spesialisten Charles Mulgrew. Han er midtstoppar og har skåra 8 mål denne sesongen. Det kan bli litt av ei utfordring for Town, som ikkje akkurat har vore solide i eiga felt.
I motsetning til Ipswich har det vore svært liten aktivitet hjå Blackburn i dette overgangsvindauget, men det ser ut som om dei greier seg veldig bra med den troppen dei har.
Eg har god tru på at vi kan få med oss poeng frå Ewood Park denne gongen. Eg satsar på at Collins temmer Dack og Graham, og samtidig klarar å stoppe dødballane frå Mulgrew.
Vi har vunne 20, spelt uavgjort 18 og tapt 16 seriekampar mot Blackburn opp gjennom historia, sist vi møttest på Ewood Park var i oktober 2016 og resultatet vart 0-0.
Eg ynskjer alle Townfans ei god helg – we are ready for the great escape!
Lykke til på laurdag. COYB!