Etter ein oppløftande seriestart fekk vårt kjære Ipswich seg ein nasestyvar mot Doncaster tirsdag kveld. Skrivinga av denne teksten blei satt på vent til frustrasjonen hadde lagt seg.
Av: Runar Vasstrand
Fem sigrar og ein uavgjort kunne ingen seie noko på, sjølv om prestasjonane ikkje nødvendigvis har vore imponerande eller jevne. Men i alle kampane, kanskje unntatt MK Dons, har Town hatt perioder der dei har vore for gode for motstandaren og enten avgjort eller fått kampen inn i sitt spor. Mot Doncaster var det ikkje mykje positivt å melde om etter de 20 første minuttane. To unødvendige og tildels tullete baklengs snudde kampen, og då mista Town tilsynelatende både hodet og sjølvtilliten. Og verken spelarane eller Lambert makta å snu det.
Det var mykje som ikkje fungerte, ikkje minst defensivt. Holy gjorde fleire rare ting, Wilson og Nsiala (som har overraska og overbevist til no) slutta å være trygge. Kenlock sleit, mens Chambers i det minste hadde gode offensive involveringar. Midtbana var puslete og defensive i valga sine, og spesielt Huws syns eg har levert dårlige prestasjoner etter at han kom tilbake på laget. Nolan hadde ingen god kamp etter skadeavbrekket. Han var jo så sentral i bortesigeren mot Bristol Rovers. Dozzell prøvde, men har hatt vesentlig bedre kampar, og ikkje fekk han særlig god hjelp av midtbanekollegene eller manglande offensive bevegelsar. Edwards har vore eit stort lyspunkt, men var lite involvert. Judge var delaktig i målet, og hadde eit godt returløp, men bidrog ellers lite. Sears har vi og sett vesentlig bedre. Så kva no?
Lambert har starta sesongen med ei stor grad av kontinuitet, og vore trufast mot eit lag som har levert resultat, men inn mot Lincoln-kampen på lørdag blir det spennande å sjå kva han gjer. Vil overraske meg mykje om han ikkje gjer endringar, og så får vi sjå om det blir eit par eller mange bytter.
Holy kan bli benka, da han sleit med fotarbeidet tirsdag. På backane skjer det nok lite, all den tid Ward fortsatt er skada og kaptein Chambers står fram. Ingen hadde vel trudd at Wilson/Nsiala skulle utgjere stopparparet vårt, men de har jo levert gode prestasjonar fram til nylig. Kan hevdast at det ville være dårlig gjort å hive dei ut no etter ein svak kamp, men samtidig er det litt luksus å ha Woolfenden sittande på benken. Ein så god og spelande stoppar kan ikkje holdast der i lengda, og om Lambert insisterer på at Town skal spele seg ut bakfra, vel då er han mannen å gå til. Lånesigneringa fra Arsenal, McGuinness har ikkje debutert endå og eg er spent på han. Var i alle fall skikkelig god i cupkampen mot Town. Ikkje bli overraska om Woolfy startar på lørdag i alle fall.
På midtbana har trioen Dozzell, Nolan og Bishop spelt mest. Bishop, med sitt offensive driv, MÅ inn igjen mot Lincoln. Og i mine auge må Huws ut. Pasningsspelet sit ikkje, vinn for få duellar og bidrar så godt som ingenting offensivt. Nolan er eg meir usikker på, og kanskje kunne Dozzell hatt godt av ei pause.
Den offensive trioen forventar eg at ser annleis ut på lørdag. Forhåpentligvis er Hawkins sin hamstring så frisk at han kan starte. Edwards er bankers, helst på venstresida. Og så håpar eg at både Sears og Judge blir benka sånn at enten Lankester eller Bennets får starte. Ideelt sett ville eg hatt Dobra på benken, men mistenker at Lambert er såpass irritert over at han ikkje ville gå på utlån og heller kjempe for plassen sin, at eg dessverre fryktar at det er lenge til vi får sjå AbracaDobra i seriekamp.
Skadelista er lang, og Jackson i covid-karantene, så spissalternativa er nokså begrensa. Så kva forventar vi resultatmessig mot Lincoln? Vi må jo håpe at spelarane er svoltne og revansjelystne, men borte mot Lincoln har vi hatt dårlig uttelling før. I romjula i fjor rauk vi på et forsmedelig 5-3 tap i ein kamp der Will Norris ikkje hadde nokon stor dag mellom stengene. Og Fa-cupkampane i 2017 prøver vi å fortrenge.
Eg kastar vekk den vonde følelsen fra Doncasterkampen og går for Townseier på lørdag. Ingen lett kamp mot eit Lincoln som ligg på 3.plass, bak Ipswich kun på målforskjell. Ein siger der vil få skuta tilbake på rett kjøl, og roe frykten for at Town ikkje presterer mot dei bedre laga i divisjonen (sjølv om eg ikkje forventar å sjå Lincoln i topp seks utpå våren). Mitt optimistiske og kanskje meir håpefulle enn realistiske tips er 3-1 til The Tractor Boys (evt. 2-0 som vi har blitt så gode på). Skal i alle fall benke meg foran laptopen med drakt og iFollow. Håpar alle blå hjerter får ein hyggelig lørdag.
Come on you Blues!